Zen på ei sandstrand

Kan ei truga bie syne oss omfanget av å gripe dagen?
Les her om den arbeidsame strandmurarbia som er ein av mange arter regjeringa no må redde gjennom å gi arten status som prioritert. Prioriterte arter er eit viktig, og nesten ikkje brukt verkemiddel i Naturmangfaldloven.

Prioriterte arter

  • Prioriterte arter kom inn som et virkemiddel i Naturmangfoldsloven i 2009.
  • Når en art er vedtatt som prioritert art, er alle uttak, skade eller ødeleggelse av arten forbudt.
  • Beskyttelsen er juridisk, og hver prioriterte art får sin egen forskrift. I 2018 er tretten arter prioriterte etter Naturmangfoldsloven.
  • I løpet av året skal Miljødirektoratet greie ut for Stortinget hvilke nye arter som skal få status som prioriterte.

Strandmurarbia

– Strandmurarbie, Osmia maritima, er ei solitær bie som hekker i sanden på opne sandflater.
– Hobia er raudbrun på brystet og svart på hovudet. Hannen er temmeleg gulgrå på hovud og framkropp, medan bakkroppsstussen er raudleg.
– Strandmurarbie er berre kjend frå tre lokalitetar i Noreg: Jærstrendene, Lista og Jomfruland. Arten er truleg i tilbakegang, men utviklinga er dårleg dokumentert. Han er lista som sterkt truga (EN) i Raudlista.

Smaken er som – 
På eit punkt er bier litt som oss: Ikkje alle bier liker same mat. Nokre et berre nektar frå ei plante, andre har litt fleire å velje mellom. Difor treng vi mange ulike bier for å ta vare på mange ulike vekster.
Strandmurarbia er avhengig av artar som tiriltunge, strandvier, løvetann, raudkløver og tveskjeggveronika. Dei blømer nemleg nettopp når ho er ute etter nektar, og ho syns nektaren deira smakar godt. Det er ganske fint å tenke på at ho bidreg til å ta vare på dei samstundes som dei bidreg til å ta vare på ho.
Det er ein slik tanke som høver på stranda – staden for langsame sekund og treige tankar. Staden for å late ikkje berre humla, men strandmurarbia, suse. Og suse. Lenge enno. Og akkurat no.
For det er slik vi må gjere det: Prioriter ei strandmurarbie i dag. I morgon kan det rett og slett vere for seint.

Denne teksten er en del av en serie om arter vi mener bør prioriteres. Serien er et samarbeid med tidskriftet Harvest som også publiserer tekstene. 

Gåtefull fillefrans

Regnskog søker trønderlav

Norges mest eksotiske rognetre forsvinner

Kategori: Prioriterte arter

Spørsmål til artikkelen? Ta kontakt:

Ragna Kronstad

E-post: ragna.kronstad@sabima.no