Når ven og fiende er same sak

Tinnvokssoppen er avhengig av aktivt jordbruk for å overleve. Samtidig er det moderne jordbruket hans verste fiende.

  • Prioriterte arter kom inn som et virkemiddel i Naturmangfoldsloven i 2009.
  • Når en art er vedtatt som prioritert art, er alle uttak, skade eller ødeleggelse av arten forbudt.
  • Beskyttelsen er juridisk, og hver prioriterte art får sin egen forskrift. I 2018 er tretten arter prioriterte etter Naturmangfoldsloven.
  • I løpet av året skal Miljødirektoratet greie ut for Stortinget hvilke nye arter som skal få status som prioriterte.

Tekst: Siri Helle/ Illustrasjon Jenny Jordahl

Kvifor er kua så viktig for matproduksjonen i Noreg? For å finne svaret er det berre å ta ein kikk kringom seg: Fjell, stein, bakkar og hav på nærast kvar ein kant. Berre tre prosent av arealet i Noreg har god nok kvalitet til å dyrke korn og grønsaker på. Men over ein tredjedel av Noreg kan brukast til beiting.

Kyr og andre drøvtyggarar er viktige for Noreg fordi dei et gras, og gjer det om til mjølk og kjøt som vi menneske kan ete. Men kua gjer meir enn berre det. Mellom anna avgrensar ho, om ho får velje, ikkje dietten sin til berre gras. Urter og blomar går sjølvsagt ned, det same med bladverk og kratt. Den verkelege delikatessen deler ho likevel med oss menneske: Kyr er skikkeleg glade i sopp.

Liten, men kravstor

I motsetnad til oss set ikkje kua krav til tilbereiing av soppen før ho et han. Ho gomlar han i seg der han står – i skogen, der vi er vane med at soppen fins, eller inne på beitet.

For jaudå, sjølv innanfor gjerdene kan det fint vekse sopp. Men beitemarkssoppane, som vi med ei samlenemning kallar dei, lev farefulle liv etterkvart. Ein av dei har truleg minka med minst 50 prosent dei siste 50 åra, og no kjenner vi berre til han på 11 lokalitetar kringom i landet. Det er så få og nedgangen så kraftig at han er registrert i raudlista som sterkt truga (EN).

Dette er tinnvokssoppen. Som så mange andre truga arter er han ikkje den som gjer mest ut av seg reint utsjånadsmessig: Middels stor og med grå, tørr hatt med skiver på undersida og nærast runde, små sporer.

Men om han er liten og grå er han ikkje redd for å stille krav. Tvert om: tinnvokssoppen veit korleis han vil ha det, og får han det ikkje slik, får det heller vere med heile eksistensen. Beitemarka han skal vekse i må vere open, slik at det er høveleg med plass og kjem nok lys ned til soppen. Slik er han altså avhengig av menneskeleg – og ikkje minst animalsk – skjøtsel av rett type og intensitet: Om vi menneske fjernar beitedyra frå enga, er det ikkje slik at vi då konserverer ho slik ho er. Då kjem kratt og skog og tek over, og vipps forsvinn tinnvokssoppen.

Mangfaldet gror att

Attgroing er altså ikkje berre eit problem for oss utsiktsglade tobeinte: Kring ein fjerdedel av alle artane på raudlista er avhengige av at jordbruket tek hand om kulturlandskapet. Attgroing, som fylgje av færre dyr på beite og mindre areal i drift, er ein av dei største trugslane mot det biologiske mangfaldet.

For om vi ikkje ser skogen for berre tre, skal vi heller ikkje tru at enga treng å berre vere gras. Tvert om er ei ugjødsla naturbeiteeng definert som eit «hotspot-habitat»: ein naturtype som er heim for særleg mange trua arter. I tillegg til beitemarkssopp dreier det seg om ulike urter som solblom, knollmjødurt og fjellnøkleblom – for ikkje å gløyme orkideane våre:

Vi har over 40 orkideartar i Noreg. Brorparten av dei er truga og nokre er freda, og mange av dei høyrer heime i jordbrukets kulturlandskap, som til døme hvitkurle, brudespore og søstermarihand.

Kven skal betale?

Det er likevel ikkje kva som helst slags jordbruk eller kva som helst slags kulturlandskapspleie som må drivast for at tinnvokssoppen skal ha det bra. Mellom anna likar han sur jord. Og sur jord er langt frå eit honnørord i matproduksjon: For låg pH i jorda gjev lågare avlingar. Når du legg til at tinnvokssoppen heller ikkje tåler kraftig gjødsling – kunstgjødsel kan bonden berre gløyme – skjønar du snart at om kua kan vere glad i soppen sin, og bonden vere glad i kua, kan det vere motsetningar mellom sopp og pengar i lommeboka.

Vi høyrer med jamne mellomrom om bønder som klagar over å måtte betale for utgraving av kulturminner under bakken. Det er dyrt for ein bonde å leige ein arkeolog som skal ha fem – seks gonger timeprisen bonden kan håpe på. Litt sameleis kan det vere med truga artar i beitelandskapet.

Er det rettvist at bonden sit att med det økonomiske ansvaret for å ta vare på tinnvokssoppen? Kan vi forvente at ho skal gjere det av sin gode vilje?

Sjølvsagt ikkje. Dette er ei av årsakene til at vi årleg brukar 16 milliardar offentlege kroner på å halde norsk jordbruk levande. Kvart år går nokre av dei kronene – om ikkje annan enn indirekte – til tinnvokssoppen og leveområda hans.

Fleire gjer sterkare

Det som er bra for tinnvokssoppen, er jo i sin tur bra for kua og. I tillegg gjer sopp meir for enga enn det som er synleg på overflata: med lange hyfer under jorda bidreg han til å hente og frigjere næring plantene elles ikkje ville fått tak i og lagre karbon.

Det er det som er så fint med å produsere mat i takt med økosystemet: Ein bygger kvarandre sterkare. Di fleire artar enn har i enga si, di meir robust er ho. Prioriterer vi tinnvokssoppen, prioriterer vi samstundes alle dei andre truga artane i beitemarka. Ein for alle, alle for ein.

 

Tinnvokssopp

  • Tinnvokssopp Hygrocybe canescen er ein beitemarkssopp registrert på 11 lokalitetar langs Norskekysten. Alle lokalitetane er kulturmarksenger.
  • Soppen er ein grå vokssopp med nedløpande skiver. Hatten er tørr og rein på farge, og soppen er middels stor.
  • Tinnvokssopp er registrert som sterkt truga (EN) i Raudlista. I Europa kjenner vi arten frå Sverige og Storbritannia i tillegg til Noreg.
  • Truleg har Noreg kring 30 prosent av dei kjende lokalitetane av tinnvokssopp.

Les også:

Zen på ei sandstrand

Gåtefull fillefrans

Norges mest eksotiske rognetre forsvinner 

Regnskog søker trønderlav 

Døden i familieskogen

Nyttig dronningpynt 

Mosen som dukka opp att

Kategori: Prioriterte arter

Spørsmål til artikkelen? Ta kontakt:

Ragna Kronstad

E-post: ragna.kronstad@sabima.no