Døden i familieskogen

Ikkje all død er trist – i det minste ikkje for furusotblomsterfluga. Les her om fluga som er ein av mange arter regjeringa no må redde gjennom å gi arten status som prioritert. Prioriterte arter er eit viktig, og nesten ikkje brukt verkemiddel i Naturmangfaldloven.

Prioriterte arter

  • Prioriterte arter kom inn som et virkemiddel i Naturmangfoldsloven i 2009.
  • Når en art er vedtatt som prioritert art, er alle uttak, skade eller ødeleggelse av arten forbudt.
  • Beskyttelsen er juridisk, og hver prioriterte art får sin egen forskrift. I 2019 er tretten arter prioriterte etter Naturmangfoldsloven.
  • Vi venter forsatt på at man prioriterer flere arter i Norge. Stortinget har vedtatt at 400 arter skal bli prioritert. Foreløpig har kun Miljødirektoratet kommet med en anbefaling av to nye arter.

Lat oss byrje med å vere samd om ei sak: I mai og juni er det ei fantastisk tid i skogen. Dagane er lange, alt veks, alt er friskt, grønt, alt luktar liv og lys og lukke.

Bortsett frå at det sjølvsagt ikkje er . Sommaren ber med seg sol, og sola ber med seg fotosyntese som gjer at planter veks – men når noko veks og vert til, må noko anna døy og verte vekk.

Ein skikkeleg skog er som ein stor familie: Alle generasjonar er representerte. Frå unge skot til rotne, gamle trestammar og alt i mellom –  alle må dei vere der for at tre i ei klynge skal kallast ein ‘skog’ og ikkje til dømes eit plantefelt eller ein allé.

Og ikkje overraskande: nett som hos oss har alle medlemmane av familien sin funksjon. Sjølv dei gamle, halvdaude, halvrotne trea – ja, kanskje ikkje minst dei. For dei kan vere heim for ikkje berre små familiar, men heile bygårdar eller svære blokker: sopp og lav og biller og bier og alle moglege slags andre små og store kryp har mest av alt lyst å bu i slike gamlingar. Ei av dei er larven til furusotblomsterfluga.

Eit trekk ved fluga

Furusotblomsterfluga ser ut som fluger flest: Temmeleg svart og temmeleg lita. Ho har hårete auge og ganske spesielle baklår, men ein skal vere nokså interessert i fluger for å plukke ho ut i det ho flyr forbi.

Eit spanande særtrekk har ho likevel: furusotblomsterfluga elskar blandingsskog. Ho vil ikkje ha berre ein type tre overalt, nei, mange ulike, og gjerne blomaròg. Her vil ho bygge, her vil ho bu og her vil ho finne ein god del av maten sin.

Om vi skal vere enno meir spesifikke finn vi truleg furublomstflugelarven  i rotehol i gamle, døde lauvtre eller i sevja i furutre. Larven lever under barken av sevjande tre. Akkurat kva den gjer der veit vi ikkje heilt: Kanskje lev den av sevja, kanskje er det små organismar i sevja den lev av – eller kanskje er det særleg gjæra sevje den aller helst vil ha. Skal vi finne ut av det er det berre ein ting å gjere: Halde fluga i live.

Dansen i skogen

38 prosent av Noreg er skog. Kring tre fjerdedelar av denne skogen er såkalla produktiv. Det vil seie at vi kan tene penger på å hogge og hauste i han. Og det er jo bra – vi treng trevirke til alle moglege greier, frå papir til hus til tannkrem og dyrefôr. Men mellom anna for furusotblomsterfluga sin del treng vi og at ikkje all skog drivast like hardt: utan at nokre furutre får stå på rot til dei døyr av seg sjølv, har verken ho eller alle dei andre artane som og trivast best hos oldemor ikkje nokon stad å bu.

Nærare halvparten av alle dei truga artane i Noreg bur i skogen. Mange av dei er avhengige av å ha heile familien kring seg. Og det syner seg at jo eldre skogen er, og jo mindre påverka han er av hogst, di fleire artar bur det i han. 84 prosent av dei truga skogsartane finst i gamalskogen. Diverre for dei alle er dette ein skogstype vi har stadig mindre av: Han vert rett og slett hogd vekk.

Lys i mørkret

Heldigvis kjem det framleis litt lys inn i denne mørke skogshistoria vår. Det finst måtar å kombinere uttak av trevirke og bevaring av biologisk mangfald og truga artar på. Den vanlegaste hogstmåten i Noreg er flatehogst – å meie ned alt på ein gong. Det seier seg nærast sjølv at dette ikkje er så flugevennleg – eller så hyggeleg mot nokre levande vesen, eigentleg.

Å i staden berre hogge dei trea som har økonomisk verdi, og late resten stå igjen (såkalla plukkhogst), er allereie til stor hjelp. Og at vi har byrja å tenke på det har truleg hjulpe, det og – det er fleire gamle tre i produksjonsskogen no enn det var for nokre år tilbake.

Vi må berre tenke meir på det. Tenke på verdien av all den jobben vi ikkje gjer sjølv, den som småkrypa gjer for oss. Heilt gratis. Det einaste vi må gjere er å ikkje utrydde dei.

Klarar vi å sette verdi på noko vi ikkje kan hauste? Vi har eigentleg ikkje noko val – vi må klare det. Det handlar så alt for tydeleg om å prioritere.

 Furusotblomsterfluge

  • Furusotblomsterfluge Psilota atra lev i rotehol i døde lauvtre.
  • Fluga er blåsvart med hårete auge og svartglinsande andlet.
  • Furusotblomsterfluge er berre identifisert to stadar i Noreg, begge i Agderfylka. Ho er oppført som sterkt truga (EN) i Raudlista. Dei største trugsmåla er skogsdrift, hogst og fjerning av dødt virke frå skogen.

Les også:

Zen på ei sandstrand

Gåtefull fillefrans

Norges mest eksotiske rognetre forsvinner 

Når ven og fiende er same sak

Mosen som dukka opp att

Nyttig dronningpynt 

Regnskog søker trønderlav 

 

Kategori: Prioriterte arter

Spørsmål til artikkelen? Ta kontakt: