Håplaus myr-plan i Vestland
I Sveio vil kommunen byggje eit næringsområde på ein stor og djup myr.
– Dette er håplaust, seier Gaute Widerøe Sælen-Hennig, politisk rådgjevar i Sabima.
Denne myra er ikkje kartlagt. Vi veit rett og slett ikkje kva som lever der, men vi veit at norske myrer er leveområde for 332 arter som står i fare for å døy ut.
Myra er også:
- Ein buffer mot flaum – torvmosen fungerer som ein svamp som kan ta opp 25 gonger si eigen vekt.
- Myra lagrar karbon. Å øydeleggje denne myra i Sveio svarar til CO2-utslipp på 30.000 tonn, og det er enormt dyrt å skulle kompensere for dette.
– Den einaste grunnen til at denne myra kanskje blir bygd på no, er at det vart vedteke i 2008 – før me hadde ein naturmangfaldslov!
Vi treng eit sterkt byggeforbod på myr.
– No veit vi at det er viktig å ta vare på myr. Kommunane må oppdatere sine planer etter ny kunnskap og føringar.
Vi har allereie mista éin tredjedel av all myr i Noreg. Vi må ta vare på den gjenverande myra vi har.
Å la naturen bli liggande er eit av dei mest effektive klimatiltaka vi kan gjere.
Torvmosen veks langsamt, 1 millimeter i året. Så i denne myra er det 5000 år med karbon.
Et lite PS:
Torvmosen er antiseptisk, så den er ein god venn i nauden viss du er på tur utan dopapir!

