Håplaus myr-plan i Vestland 

I Sveio vil kommunen byggje eit næringsområde på ein stor og djup myr. 

– Dette er håplaust, seier Gaute Widerøe Sælen-Hennig, politisk rådgjevar i Sabima.

Denne myra er ikkje kartlagt. Vi veit rett og slett ikkje kva som lever der, men vi veit at norske myrer er leveområde for 332 arter som står i fare for å døy ut.

Her kan du lese NRK-saka.

Og her kan du sjå saka på Vestlandsrevyen.

Myra er også: 

  • Ein buffer mot flaum – torvmosen fungerer som ein svamp som kan ta opp 25 gonger si eigen vekt. 
  • Myra lagrar karbon. Å øydeleggje denne myra i Sveio svarar til CO2-utslipp på 30.000 tonn, og det er enormt dyrt å skulle kompensere for dette. 

– Den einaste grunnen til at denne myra kanskje blir bygd på no, er at det vart vedteke i 2008 – før me hadde ein naturmangfaldslov! 

Vi treng eit sterkt byggeforbod på myr.  

– No veit vi at det er viktig å ta vare på myr. Kommunane må oppdatere sine planer etter ny kunnskap og føringar. 

Vi har allereie mista éin tredjedel av all myr i Noreg. Vi må ta vare på den gjenverande myra vi har. 

Å la naturen bli liggande er eit av dei mest effektive klimatiltaka vi kan gjere. 

Torvmosen veks langsamt, 1 millimeter i året. Så i denne myra er det 5000 år med karbon. 

Et lite PS:

Torvmosen er antiseptisk, så den er ein god venn i nauden viss du er på tur utan dopapir!

Kategori: Arealendringer, Myr

Spørsmål til artikkelen? Ta kontakt:

Gaute Widerøe Sælen-Hennig

E-post: gaute.saelen-hennig@sabima.no