Lyngheia gjev oss sokkar, søtt og julemat

Kyst, lyng og hei. Til saman kystlynghei. Gjerne heilt ytst i havgapet, eit temmeleg flatt, men samstundes tuete landskap. Langstrakt, røft, sett saman av små, små busker, som minitre. Kva brukar vi denne naturen til? Kva finst her?

Tekst Siri Helle / Foto: Lyngheisenteret/ Leif Arne Furuvik 

Kanskje stikk nakne berg opp mellom lyngtuene, for på eine sida av kystlyngheia er altså havet. Ein og anna sau stikk hovudet opp, så liten han er – langbeint og tynn jamført med sauene ein vanlegvis ser der dei vanlegvis er. Elles er her stille. Tomt.

Kva brukar vi denne naturen til, eigentleg? Jau, vi kan gå tur i heia og rulle oss i lyngen – sjølv om eg trur dei færraste eigentleg har prøv sistnemnde – men er ikkje naturtypen til sjuande og sist temmeleg unyttig? Gold og lite produktiv?

Berre ti prosent att i verda

Det er nok slik dei har sett det, dei som det siste halve århundret har utrydda 85–90 prosent av den europeiske kystlyngheia. Ein gong strakk ho seg frå Lofoten i nord via England og Skottland i vest til Portugal i sør. No har resten av Europa stort sett kvitta seg med kystlyngheiene sine – berre her i Noreg heng det framleis ein god del igjen. Over ein tredjedel av kystlyngheia i verda, faktisk.

Vi har nemleg ikkje bygd ned kysten vår like grundig som Nederland, Belgia, England og Spania har gjort: områda der kystlyngheiene ligg i Noreg er truleg verken store, flate eller sentrumsnære nok til å nytte til moderne jordbruk eller storstilt bustadutbygging.

Typisk norsk: bakstreverske, sidrumpa og treigt. Alt litt bakpå.

Ei gastronomisk gullgruve

Vel, nett det skal vi ved nett dette høvet vere temmeleg glade for: Ser ein berre bittelitt nærare etter finn ein nemleg fort ut at kystlyngheia er ei økologisk, gastronomisk og biologisk gullgruve.

Kvifor? Korleis? Lat oss byrje med starten: kystlyngheia har ikkje vorte til av seg sjølv. Langt derifrå – den opne lyngvegetasjonen er truleg resultat av både blod, sveitte og tårer. Dei siste fem tusen åra har menneske rydda tre, kratt og stein her for å få fram nett denne naturtypen. Trass i at det var tungt arbeid å fjerne han valde ein vekk skogen til fordel for lyngheia. Årsak: Ho er rett og slett meir produktiv.

Kven bur i lyngheia? Kva kan vi hauste her? Lat oss byrje i det store, med det vi allereie kjenner littegrann til – sauen.

Skal sauene fullt ut nyttegjere seg av næringa i kystlyngheia, kan det ikkje vere kva som helst slags sau. Nett den vesle, langbeinte villsauen lyt det vere: Gamalnorsk sau, som er det offisielle namnet på rasen, er ikkje vill men han har levd i nett dette landskapet lenge – kanskje like lenge som det har eksistert. Det som skjer då er at dyr og landskap tilpassar seg kvarandre. Sauen er akkurat så stor at han kan overleve på den nokså magre menyen kystlynghei utgjer heile året: Gras, urter og blomar på sommaren – og lyng på vinteren.

Grøn vintermat

For den gamalnorske sauen veit det mange hageentusiastar òg eigentleg veit, men berre ikkje omset til nytteverdi i den «ville» naturen: at lyngen er vintergrøn. Der gras og urter mister i snitt 40 prosent av næringsverdien sin om vinteren dersom dei vert ståande på rot, taper ikkje lyngen ein kalori. Røsslyng er like mettande og næringsrikt i februar som i august.

Pollinatorer i kystlyngheia

Det er mange pollinatorer som er knyttet til kystlyngen. Noen larver utvikler seg kun på røsslyng. Her er en oversikt over sjeldne sommerfugler som kun finnes i lynghei:

  • Smalvingemåler
  • Røsslyngmåler (Sterkt truet)
  • Lyngheimåler

Andre sommerfugler du finner i lyngheia:

  • Røsslyngfly
  • Grått lyngheifly (Nær truet)
  • Lyngbakkefly
  • Eikespinner

Bier som liker seg lynghei:

  • Lynghumle
  • Lyngsilkebie
  • Lyngvepsebie
  • Lyngsandbie

Andre insekter:

  • Røsslyngsuger
  • Lynggresshoppe

Lær mer om hvorfor kulturlandskap er viktig for artsmangfold

Den merksame lesar har no allereie fått med seg at kystlynghei langt i frå består av berre lyng – sjølv innanfor denne arten er det mangfald: den lillablomstrande røsslyngen er nok mest vanleg, men ser ein nærare finn ein kjenningar som både blokkebær, blåbær og tyttebær. Her er ulike grasartar og urter som blåklokke, legeveronika og tiriltunge. Finn du purpurlyng, orkideen kvitkurle eller den blåblomstra urta klokkesøte bør du sperre opp auga (og finne fram mobilkameraet) – desse er raudlista.

Og det er det fleire som er akkurat her. Der det er flora er det fauna – sommarfuglar, bier, lus, biller, edderkoppar og grashopper. For sjølv menneskeskapt natur er alltid eit mangfald – og akkurat som med sauen tilpassar småkrypa seg naturen dei lev i. Nokre tilpassar seg så godt at dei ikkje finst nokre andre stader. Røsslyngmålaren er ein sommarfugl – ikkje av dei mest fargerike, men fin likevel (med sine nostalgibrune sjatteringar minner han meg om stovebordsdukane til mormor). Som alle sommarfuglar har han ein gong vore ein larve, og då skal han vere glad det fans røsslyng i verda for det er den einaste staden røsslyngmålarlarvar kan overleve, forpuppe seg og verte sommarfuglane som saman gjer oss sommarkjensla. Røsslyngmålaren er registrert som sterkt truga (EN) i raudlista – det er tredje siste kategori før utrydda. Synd for røsslyngmålaren – og synd for oss: sommarfuglar et nektar. Då samlar dei samstundes pollen – og vert på det viset ein pollinator, ein av dei mange milliardane små som hjelp oss med å halde hjula i gong.

Lerka jubler litt mindre enn før

At det er pollinatorar i lyngen bør eigentleg vere kjent for dei fleste – lynghonning har vi smakt, om vi ikkje har tenkt over kor han kjem frå. Men pollensesongen er lang og honningbia klarer ikkje heile pollineringssesongen aleine. Det treng ho heller ikkje – ei lang rekke ville bier er langt meir spesifiserte på lynghei enn honningbia er. Her er lynghumler, kysthumler, lyngsilkebier og lyngvepsebie, og fleire arter i sommarfuglfamilien nattfly som er skikkeleg gode pollinatorar.

Sanglerka jublar framleis høgt i sky mange stadar, òg i lyngheia – men truleg berre kring halvparten så mange som for eit tiår sidan. Ho er raudlista som sårbar, og årsaka er «endringer i driftsformer i landbruket»: Sanglerka er ikkje så glad i tett skog og kratt, ho føretrekk ope kulturlandskap. Når stadig meir av det moderne landbruket vert enten intensivert eller gløymt, vert kystlyngheiene ein stadig viktigare sommarlevestad for ho.

For kva er den største trusselen mot dette mangfaldet? Nett no er det ikkje overforbruk, men underforbruk. Vanskjøtsel her er å ikkje bruke. Då kjem attgroinga. Då kjem einstapen – bregnene med dei store bladene sine skugger denne planta ute alle andre vekstar og tek fullstendig over. Så kjem einerne, og vi veit alle kor utriveleg det er å ta seg gjennom eit område dekka av einerbuskar – ikkje er det særleg mykje trivelegare for sauen, og i tillegg har einer langt mindre næring i seg enn lyng og gras.

Vern gjennom bruk

Kva skal til for å bruke? Vel, vi må ete. Ete villsaukjøt. Kystlyngheias beste ven er villsauen, og når det det siste tiåret har vorte mykje fleire slike fargerike ulldottar å sjå langs kysten vår er det ein direkte konsekvens av at fleire har fått opp både auge og kjeft for det spesielle kjøtet vi får frå han.

Villsauen er, som vi har vore inne på, liten. I det tradisjonelle jordbruket ser ein det som ein bakdel – her er mantraet stadig større dyr, meir tilvekst, meir kjøt per mordyr. Men for villsauen er det ein fordel å vere liten. Vart han større måtte vi fôra han med innhausta gras eller kraftfôr i tillegg til lyngen han et på vinteren.

Han er akkurat passe stor til det landskapet han held til i, og at det er akkurat dette landskapet han et gjer ganske mykje for smaken: villsau burde ikkje konkurrere med kjøt frå fjellbeitande norsk, kvit sau – det er såpass annleis på smak at det høver i sin eigen kategori. Og der eit NKS-lår gjerne veg både tre og eit halvt og fire kilo – fint til søndagsmiddagen med heile slekta – veg ikkje låret av eit villsaulam meir enn halvanna – perfekt til fyrste date (med restar til neste morgon).

Brann gjev mindre brannfare

Kvar sine spesialitetar, kvar sine fordelar. Det kan kystlyngheia syne oss: at vi ikkje kan skjære heile naturen vår over ein kam. Alt er ikkje alltid så enkelt som det ser ut.

Sjeldan vert det tydelegare enn i korleis ein vedlikeheld ei kystlynghei. For metoden er like langt frå vår moderne tenkemåte som han er genialt enkel: Ein startar brann. Svir heia ned.

Brann og eld kling ikkje godt i moderne øyre. Dei har det med å tenke både spreiingsfare og global oppvarming når slike ord vert nemnde. Men ei nybrent hei er faktisk mykje mindre brannfarleg enn ei gamal – i den nye er det rett og slett mindre brennbart materiale for elden å ta fatt i.

Og sjølvsagt er ikkje lyngbrenning berre å tenne på og springe. Ein må vite kva ein gjer, og det er det faktisk ein god del menneske kringom i Noreg som veit. Dei veit at dei skal svi ned lyng på vinteren, når det er frost i bakken, slik at organisk materiale i jorda og frøbanken som ligg der ikkje brenn opp. Dei veit at dei ikkje skal brenne ned kilometervis med lynghei same år – men lage branngater, halde brannen kontrollert innanfor eitt område.

Mosaikken i landskapet

Slik skaper ein landskap. Slik skaper ein mosaikklandskap, for å vere meir konkret. Eit mosaikklandskap er samansett av mange ulike deler med ulike kvalitetar og ulike funksjonar: Ved å brenne frigjer ein næringsstoff til jorda. Då kjem det masse friskt, grønt gras der neste sesong – og lyngen kjem att med masse blader og lite ved. Masse god mat til sauene.

Men orrfuglen, som òg høyrer heime i kystlyngheia, liker seg ikkje her. Ingen stadar å gøyme seg, akkurat som Karius og Baktus i den nypussa kjeften til Jens. Dei flyg gjerne over til dei delane av heia som ikkje har vore brent på eit par tiår – for så lenge kan ein gjerne vente mellom kvar gong ein svir av det same området. Der er lyngen meir buskete og treete, har lågare fôrverdi, men er betre å gøyme seg i, synst orrfuglen.

Tid for å samle opp

Lat oss byrje å summere opp. Kva har kystlyngheia gjeve oss så langt? Kjøt, sjølvsagt. Pinnekjøt og lammesteik og fenalår og spekepølse. Honning. Pollinatorar. Heim for forviste fuglar.

Ikkje verst. Men her er meir. Noko av det lyngheia gjer for oss er heilt usynleg: ho lagrar karbon. For karbon bur ikkje berre i trevirket. Det bur i jorda og – sjølve jordsmonnet er i stor grad karbon. Og ei velstelt lynghei lagrer meir karbon enn eit attgrodd vierkratt, har forskarar på Dovre funne ut. Om kystlyngheia fungerer akkurat likt må nokon andre forske på – men vintergrøn lyng har ved alle høve ein fordel over lauvskog ved at han òg har fotosyntese om vinteren. Lynghei skil seg og frå skog og kratt ved at det meste av karbonet vert lagra under bakken, i jorda og røtene: Då slepp vi lure på om vi det er bra med hogst eller ikkje, for vert lyngheia liggande, vert karbonet liggande.

Vi kunne ha snakka om moldtaking, torvtaking og lyngslått – korleis dei ein gong hausta både brensle og vinterfôr her i lyngheiene. Og enno hadde vi ikkje vore inne på ulla.

Den heilt spesielle ulla villsauen har, som truleg var det som redda han frå utrydding: kjøtet kunne erstattast, men når fiskaren skulle ha sjøvottar kunne ikkje den fine, kvite innlandsulla konkurrere. Skal ein på havet er det ulla frå havkanten som dug. Sjølvsagt er kystulla ulla meir vassavvisande. Det er berre å sjå kring seg, sjå skjønar ein at det må vere slik.

Gå og sjå sjølv

Då har vi mat, klede og brensle til oss – eit stadig meir utsatt friområde for alle artane som er ein del av den. For sjølv om villsauen er i vekst, er kystlyngheia som naturtype registrert som sårbar i raudlista. Truleg er det berre ein tredjedel så mykje lynghei i Noreg i dag som det ein gong var.

No kjenner du kystlyngheia litt betre enn då du byrja å lese. Tenkjer du annleis om ho? Verkeleg godt vert du ikkje kjent før du har vore i ho, sjølvsagt. Kjent luktene, trakka på lyngen, høyrt insekta summe, kanskje stukke handa langt inn i feit og mjuk ull – eller snudd ryggen så godt du kunne mot vinden og regnet som kjem sidelengs, kaldt og surt, heilt i frå Island kjem han eller enno lenger – kanskje frå ei anna tid, for å minne deg om at dette landskapet, det har du skapt og ingen kjem til å ta vare på det for deg. Du lyt gjere det sjølv.

Du kan byrje med å sjå det.

Kategori: Innlegg, Kulturlandskap

Spørsmål til artikkelen? Ta kontakt:

Maja Aarønæs

Senior politisk rådgiver

Naturforvalter

E-post: maja.aaronas@sabima.no